Dato: lørdag 29-04-23 , 10:00
Pris:
0,00
Antall plasser:
12
Stabbesteinsvegen på Osterøy
Lørdag 29. april kan du bli med til ei godt gøymt perle på Osterøy.
Stabbesteinsvegen til Grøtto på Osterøy er eit bittelite stykke norsk veghistorie. Vegen med sine 1727 stabbesteinar slynger seg frå Blomdalsleitet og turlagshytta på Træet og ned til fjorden på Grøtto.
Vegen vart påbegynt i 1909 og det tok 30 år å få han ferdig, men i 2013 forsvann deler av han i eit ras. Vegen var blokkert i fleire år før lokale eldsjeler starta ein aksjon og fekk bygd opp att biten som rasa ut i den stupbratte fjellsida.
I dag er dette ein fin turveg med grus og grasdekke, med ein del artige ting å sjå på undervegs. Vegen er ca. 7 km lang. Vi går i roleg tempo og reknar ca. 3 timar tur/retur. Undervegs vert det ein liten lunsjpause.
Hugs å ta med mat, drikke og ein varm gensar.
Etter turen er vi invitert til Klyvvikje gard på Olsnes. Her får vi omvisning på garden og den kulturhistoriske samlinga der. Til slutt samlast vi rundt bålpanna ved stranda og får servert lappar og kaffi/te.
Avreise frå Arna med privatbilar kl.10. Oppmøte på p-plass ved stasjonen (same sida som kyrkja).
Frå Arna køyrer vi over Osterøybrua inn til Bruvik og bratt opp fjellet og vidare på grusveg inn til parkeringsplassen på Blomleitet.
Påmeldinga opnar tirsdag 4. april kl. 19 og stenger onsdag 26. april kl. 21.
Pris: 200 kr. Betalast til Tråkk Bergen 1503.02.47024 ved påmelding. Påmelding er bindande og dersom du melder deg av må du likevel betale det turen kostar.
Har du spørsmål?
Kontakt turleiarane Anne-Lise Nordpoll på tlf. 98 69 64 59 eller Lillian Mostraum på tlf. 975 64 448
-
-
-
-
-
- Anne-Lise Nordpoll
- Jan Halvard Edvardsen
- Lillian Mostraum
- Thomas Villanger
- Klaus Müller
- Malin Elisabet Oppedal
- TIGIST
- Maria
- Crystal
-
Bookings
Bestillingen er stengt for denne turen.