Kart utilgjengelig
Tid:
Dato: mandag 22-07-19 , 00:00 - fredag 26-07-19 , 23:59

Pris:
0,00

Antall plasser:
0


Stiganosi

Ferdighetskrav: *
Tidsramme for turen: 2,5 timer.+ 10 min kjøring hver vei.
Antall kilometer: 6 km t/r
Stigning: 1186­-1340 moh ca. 220 høgdemeter
Maks antall deltakere: 15

Turskildring:

Dette er ein lett tur der du går ned til utsiktspunktet, og opp igjen etterpå, og du får flott utsikt over Lustrafjorden og Fortunsdalen.

Køyr om lag 6,5 km på Tindevegen frå Turtagrø mot Årdal. Parker på høgda før du kjører ned mot Berdalen. På høgre side av vegen står det skilta mot Berdalsnosi. Følg merka

sti vestover opp på Berdalsnosi 1340 moh Deretter går turen i småkupert terreng nedover til ein stor varde. Gå til høgre etter varden, rundt eit lite ”stup”, og så mot toppen av Stiganosi 1186 moh.

Du får best utsikt om du går litt vidare ned til kanten mot dalen. Gå til høgre for toppen (Stiganosi) og ned på ein avsats. Gå deretter til venstre langs kanten, utan å tape høgde, til du kjem ut på ryggen. Her får du flott utsikt til dei fråflytta gardane på Fuglesteg og mot Lustrafjorden og Skjolden. Retur opp til Stiganosi. Derifrå går du mot den store Varden. Gå litt til venstre for varden og hald høgda rundt ryggen og vidare til startpunktet.