Frå hei til hei til kafé

Tråkk Sørlandet tok den sjølvironiske tonen og inviterte til ekstremt lett tur og sosialt samvere.

17 tråkkarar møtte opp 10. mars 2012 ved den tidlegare gartnarskulen på Dømmesmoen i Grimstad. Der rusla me ein liten runde, som også eignar seg godt for born. Me tok Tårnvegen opp til utkikkstårnet og Rastien ned igjen. Deretter var me innom den om lag 500 år gamle Dømmesmoeneika og andedammen. Dei som kjente seg minst kraup endå til inn i eika.

Fjelltur
Vidare rusla me nedover i retning Grimstad sentrum der ein 5-fjellstur venta. Først besteig me Fløyheia (63,5 moh.) og gjekk så vidare til Møllerheia (41,9 moh.). Etter desse strabasane måtte me ha ein times pause på Café Ibsen. Her fekk me bord i Nykternhetens sal – høveleg for Tråkk sin profil.

Men då kafeen stengde, måtte me ut i den kjølege vinden igjen. Undervegs på turen kom turleiar med diverse sitat frå Hamsun og Ibsen – dei mest kjente diktarane som har budd i Grimstad. I og med me hadde følgd i fotspora til Hamsum på gjengrodde stiar, måtte me no bortom for å sjå postkassen som var målet for Hamsun sin tur.

Deretter bar det opp på Kirkeheia (27 moh.) med Grimstad kirke, ei av dei største trekyrkjene i landet. Frå Grimstad sentrum var det ikkje mange stega bort til eit fredeleg friluftsområde med Binabben (58,5 moh.) som høgste punkt. Turleiar fortalde at Grimstad er den norske byen som ligg nærast Danmark – berre 13 mil unna.

Me promenerte så ein runde gjennom det mest fornemme stroket i Grimstad – Biodden – og tok så ein bryggesleng langs hamna. Me rusla innover i landet igjen, opp bratte gater til Vardeheia (41 moh.). Herfrå kunne me sjå alle heiene me hadde vore på i laupet av ettermiddagen. Og så fekk me med oss eit ord for dagen. Til slutt returnerte ca. 15 tråkkarar til parkeringsplassen på Dømmesmoen. Me mista nokre undervegs.

Sosial kveld
Siste post på programmet denne dagen skulle gå føre seg i nykternhetens høgborg 96 moh. I og med me skulle så høgt, var det best å ta bil. Her sette vertinna folket i arbeid med borddekking, grønsakskutting og steiking. Nokon stod på ved grytene. Andre inntok sofaen i påvente av framtidige strabasar. Då kyllingsuppa var klar, sat me 13 til bords. Nokon hadde kome og nokon gått.

Til saman var 21 innom denne dagen i Grimstad. Dei fleste kom heilt frå Kristiansand. Dette tyder på at denne typen tur trefte den sørlandske folkesjela.

0 svar

Legg igjen en kommentar

Lyst til å delta i diskusjonen?
Føl deg fri til å bidra!

Legg igjen en kommentar