Hyttetur med rafting og fjellturer 22.-24. september

22.-24. september reiste ein gjeng på 11 oppover Gudbrandsdalen, til Kvamshytta, for å kose seg, ete god mat og kaker, gå i fjellet, og dei fleste skulle også oppsøke det våte element. Hytta var romslig, og kunne fint hatt plass til dobbelt så mange. Då alle var oppe fredag kveld, satte dei suppegrytene på kok. Blomkålsuppa fall i smak. Programmet vart avrunda med ord for dagen og roen senka seg i hytta. Dei utelåste vart tilfeldigvis oppdaga før alle andre sov, og slapp å tilbringe natta ute. Laurdag morgon var det frokost med egg og bacon og meir til. Dei fleste gjorde seg klar til å dra ned til Sjoa, mens nokre tok turen oppi fjellet.

 

 

Heidal Rafting kledde alle opp i våtdrakter, sko, vest og hjelm og sendte heile gjengen i buss til der raftingturen skulle starte. Tråkk-gjengen fordelte seg i to båtar, i tillegg var det to båtar til i same følgje. Etter ein rask opplæring bar det nedover elva. Stryka hadde namn som pumpehuset, irish trashcan og vaskemaskina. Dei som satt foran merka godt spruten frå bølgene som traff båten, mens dei bak fekk det litt rolegare. Undervegs vart det servert lunsj med varm gryterett rundt eit bål. Siste stryket var det tøffaste, og mange kunne tenke seg fleire tøffe stryk nedover. Men det bar tilbake til raftingsenteret, der dei viste bildeshow frå dagens ferd nedover elva.
Dei som ikkje ville bli like våte, tok turen til fjells. Frå Spranget gjekk dei inn til Rondvassbu. Dei høge fjella i Rondane var kvite og vinterkledd, mens dalane framleis viste fram haustfargar. Det var godt å ha gode klede og lue som kunne varme øyrene. Då var det godt å koma inn i varmen på Rondvassbu, sette seg ned i varmen og ta seg ei god pause før returen til bilen.

Tilbake på hytta vart det ein god kveld med hyttekos, med god middag, kaker (faktisk heile tre kaker fordelt på 11 personar), ord for dagen og speling.

Søndag starta dagen med ein god frokost før alle kjørte litt lenger opp på fjellet. Skydekket var lågt, men dei prøvde å komme opp til toppane for å nyte utsikten. Det viste seg at stien var utydeleg og skodda tjukk i høgden, så etter å ha godt i den haustfarga lyngen ei stund og ete lunsj, vendte dei nasene mot bilane og gjekk ned att. På veg heim var det eit besøk på McDonalds som avslutning på ein hyggelig, spennande, våt og god Tråkktur.

Takk for turen!