Programslipptur til Nøklevann 15. januar
Strålande sol og og god skøyteis hadde lokka ut både Tråkkarar og mange andre folk denne søndagen. Til tross for at det var tett mellom bilane på parkeringsplassen fekk me samla gjengen og la i veg til Nøklevann. Der tok nokre på seg skøytene, mens resten traska over isen. Det knaka bra i isen midt […]
Strålande sol og og god skøyteis hadde lokka ut både Tråkkarar og mange andre folk denne søndagen. Til tross for at det var tett mellom bilane på parkeringsplassen fekk me samla gjengen og la i veg til Nøklevann. Der tok nokre på seg skøytene, mens resten traska over isen. Det knaka bra i isen midt utpå, men alle kom seg trygt over til bålplassen. Dei som ville prøve skøyteisen tok seg ein god tur på isen, mens resten fann fram ekstra varme klær og satt seg rundt bålet. Bålet vart fyrt opp med ei fyrstikk og det vart grilla både pølser, ostesmørbrød og diverse andre ting. Til dessert kunne dei som ville steike seg sjokoladekake på bålet, i kakeformer av appelsinskal. Sola forsvant fort bak trea og nokre måtte jobbe litt for å holde varmen. 19 stykk blide, flotte folk holdt stemninga på topp, nye bekjentskap vart stifta og praten gjekk lett rundt bålet. Som på Tråkkturar ellers var det ord for dagen og det vart reklamert for kommande turar. Det minka etterkvart på folk, men mørket hadde senka seg og dei første stjernene viste seg på himmlen før siste pulje tok turen tilbake over isen.
Dette var ein strålande start på Tråkk-året og tur-året 2017. Takk for turen og velkommen med på turane som kjem!