Speider for en dag, 4. November 2012
Speidartroppen 1. Tråkk hadde sin jomfrutur til Trollvann i Lillomarka.
Det var 9 speidare og 6 leiare som møtte opp ved Trollvann.
Turen gjekk ikkje så langt, rundt eit halvt vatn berre, men inneheldt desto fleire oppgaver.
Patruljene Tiur, Hjort og Flodhest konkurrerte i livlinekasting, båltenning, førstehjelp, knutar, orientering, hinderløype, Kimslek og høgde-/lengdmåling, speidarhistorie og naturkunnskap.
Ein heil del gamle speidarkunstar blei henta fram, og samarbeidet var forbilledleg.
Vi slo fast at speiding òg inneheld ein del øvingar som nok er meir tilpassa konkurranse enn reelle situasjonar vi risikerer å komma opp i…
Etter konkurransen samla vi oss rundt leirbålet. Bålet var av den store varianten. Her stod det laging av festmat på programmet.
Menyen var Forrett: Appelsin spist fra eit hull i toppen.
Menyen var Forrett: Appelsin spist fra eit hull i toppen.
Hovedrett: Baconfylt ørret med rotstuing som var stekt/ bakt i deig.
Til dessert fikk vi: Sjokoladefondant i appelsin. Det blei også bakt grovbrød i kjele.
Mørket hadde senka seg i skogen innan trerettars middag var fortært.
Merker for god innsats delt ut, speidarlov og -løfte lest og speidarbønna sunge.
Alltid beredt!
Legg igjen en kommentar
Lyst til å delta i diskusjonen?Føl deg fri til å bidra!