Turrapport St. Hans tur til Stora Lee 21. til 23. juni 2013
Det har nestan blitt ein liten tradisjon, men også i år var vi så heldige at Fredrik inviterte til St.Hans tur på hytta si ved Stora Lee. Det er eit flott utgangspunkt for mange sommaraktivitetar, men for turen dette året hadde vi bl.a. valgt dressin og vannski!
Fredag ettermiddag satte vi kursen ut av byen mot svenskegrensa. Vel framme på hytta ønska Fredrik oss velkomen og hadde suppe klar. Dermed var grunnlaget for ei flott helg allerede lagt.
Laurdag morgon tok vi bilane til Årjäng. Der venta mange kilometer med gamle jernbanespor på oss. Etter litt klargjering satte vi i veg sørover på den gamel «jarnvegen». Det går ikkje akkurat stille i skogen, så elgen og alle dei andre dyra heldt god avstand denne gongen. Vi trampa på sørover gjennom tunellar, langs vatn og forbi nedlagte stasjonar. Til tross for god innsats måtte vi tilslutt stoppe og snu dressinane for å rekke tilbake før stengetid. Etter ei proviantering i Töckfors, så bar det tilbake på hytta. Her fekk vi fyr på grillen og ordna god middag. Seinare på kvelden vart det både fisketur og hukommelsekonkurranse…
Etter frokosten på søndagen, så vart det skogstur for å sjekke grensebeltet. Turen vart litt lenger enn berekna sidan ei regnbye overraska oss. Det gjorde jo ingen ting sidan det då vart flott ver for både grilling og vannski når vi kom tilbake til hytta!
Vi takke for ei flott helg og spesielt til Fredrik for invitasjonen!
Legg igjen en kommentar
Lyst til å delta i diskusjonen?Føl deg fri til å bidra!